Velkommen til YSSL
Ytre Sogn og Sunnfjord Landbrukstenester
YSSL er eit andelslag med 315 medlemer som har rett til avløysarrefusjon.
![]() |
| Foto: Lene Gjelsvik |
Medlemmane er gardbrukarar frå Askvoll, Fjaler, Gulen, Høyanger sørside og Masfjorden kommune. Ved nyttår var det 535 personar som fikk lønn gjennom laget.
YSSL har tilsett fire landbruksvikar i oppdragskommunane Askvoll, Fjaler, Gulen, Masfjorden og Høyanger sørside.
YSSL har 9 avløysarringar med fast tilsett avløysar i kommunane Askvoll, Fjaler og Gulen
Resten av avløysinga vert utført som tilfeldig-, deltid- og familieavløysing.
Vår hovudoppgåve er å skaffe avløysar til medlemmane når ein ønskjer ferie, ha fri eller ved sjukdom.
YSSL formidlar og organiserer avløysartenster til medlemmane så langt råd er når gardbrukaraen ønskjer å ha fri
Vi har kontorstad i rådhuset til Askvoll kommune, som ligg på kaia i Askvoll.
Endring i administrasjonen for YSSL
Etter nærare 20 år lang og tru tjeneste for avløysarlaget har Hildegunn funne tida moden for å prøve noke nytt. Hildegunn hadde sin siste arbeidsdag for YSSL fredag 13. april 2012
17. Apr, 2012
Kontoret stengt 01/11 til og med 03/11
Kontoret blir stengt frå tysdag 01/11 til og med torsdag 03/11 grunna Haustsamling. Vi er tilgjengelig på mobil 960 45 930
24. Oct, 2011
Sal av IT- tenester
Vi vil gjennom laget tilby sal av IT-tenester til sterkt reduserte medlemspriser.
25. Aug, 2011
Ny landbruksvikar i Fjaler
Magnar Kåre Espedal er tilsatt i 100% stilling i Fjaler frå 15. august.
19. Aug, 2011
Ny dagleg leiar
Michael Milde tar over etter Connie Heggøy som dagleg leiar frå 01. august 2011
29. Jul, 2011
Kontoutdrag
Vi held på i desse dager å sende ut kontoutdrag frå januar til juni, fint om det tek ein kontroll å ser om det stemmer. Gje tilbakemelding om noko er uklart eller ikkje stemmer. Tilskotet for 2010 vart utbetalt no i juni.
28. Jun, 2011
Sal av arbeidskle
NLT som er YSSL sin overordna organisasjon, har avtale med Livold om sal av arbeidskle.
04. Feb, 2011
Ny ordning frå 01.01.2011
I statsbudsjettet er det kome forslag til ei ny ordning frå 01.01.2011.
Det vert nekta frådrag for kostnader som ikkje er betalt via bank, dersom beløpet er over kr 10.000,-. Dette gjeld bortfall av inntektsfrådrag etter skattelova og frådrag for inngåande mva.
04. Feb, 2011
Avløysartilskot ved sjukdom
Ved sjukdom hos ein gardbrukar, kan du søkje om sjukdomsavløysingstilskot, dersom du har dokumenterte utgifter til sjuke avløysing.
19. Nov, 2010
Til nyhetsarkiv


