Avløysaryrket

Avløysaryrket

Kva er ein avløysar?

Ein avløysar tek over arbeidet på ein gard slik at bondefamilien kan få ferie og fritid, eller hjelp når dei er sjuke. Avløysaren får etter god opplæring ansvaret for den daglege drifta på garden.

 

Kven kan verte avløysar?

Alle som har fylt 15 år, jenter og gutar, kan verte avløysar. Sjølv om du ikkje har erfaring kan du verte avløysar dersom du har lyst å stelle med dyr. Du må sjølvsagt ha opplæring. Avløysarlaget arrangerer kurs etter behov. Bonden vil og hjelpe deg med opplæring. Elles ved tilsetjing vert det lagt vekt på at avløysaren er påliteleg.

Er du interessert ta kontakt med YSSL så skal vi hjelpe deg.

 

Heiltidsavløysar

› Eit yrke for deg som vil arbeide i landbruket.

› Eit yrke for deg som vil få ei allsidig erfaring til eiga gardsdrift, vidareutdanning o.l.

› Eit sjølvstendig og ansvarsfullt arbeid.

› Langfri annakvar helg.

› For deg som vil bu og arbeide landlig.

 

Deltidsavløysar

› Eit yrke for deg som vil bestemme di eiga arbeidstid.

› Eit yrke for deg som har tid til overs, og vil fylla denne med noko nyttig.

› Eit yrke for blant anna å finansiera skulegang, bilkjøp o.l.

› For å få arbeidserfaring.

› For deg som er heimeverande, og vil ha avveksling i kvardagen.

 

Løn og arbeidsforhold

› Løn og arbeidsforhold vert avtale mellom avløysar og avløysarlag/bonde. Avtala er –  skrifteleg og omfattar løn, arbeidstid, ferie og køyregodtgjersle o.l.

› Avløysaren kan organisere seg i Fellesforbundet som har tariffavtale for avløysarane.

› Arbeidsmiljølova gjeld og i landbruket.

› Auka tryggleik og trivsel er prioriterte oppgåver for avløysarlaget.