Forsikringer

NLT-Forsikring

Norske Landbrukstenester tilbyr forsikringar ut til medlemslaga, bønder og avløysarar. På grunn av at vi forhandlar for alle medlemslaga under eitt får vi gode prisar som våre medlemer dreg nytte av.

Forsikringspakken til NLT er eit resultat av eit samarbeid og avtalar mellom fyljande parter:

NLT: Som administrator og formidlar til medlemslaga.

Gabler: som forsikringsmeklar (innkjøpar og uavhengig forsikringsrådgjevar) med NLT som oppdragsgjevar.

Landbruksforsikring AS : som forsikringsgjevar på ansvarsforsikring, formueskadeforsikring, kriminalitetsforsikring, yrkesskade- og fritidsulykkesforsikring og bilforsikring.

Vertikal: som forsikringsgjevar på helseforsikring.

KLP: som forsikringsgjevar på pensjon (OTP).

NB! Produktoversikta du finn i venstremenyen er meint som informasjon og er ikkje uttømande vilkår.

Forsikringsvilkåra finn de her (passordbeskytta).

Spørsmål om forsikringane kan rettast til NLT, tlf. 97 11 30 74