Informasjon

Ytre Sogn og Sunnfjord Landbrukstenester

YSSL – Ytre Sogn og Sunnfjord Landbrukstenester vart skipa 01.01.2006. Dette var ein fusjon mellom avløysarlaga i kommunane Askvoll, Fjaler og Gulen/Masfjorden.

 

Laget er tilslutta Norske Landbrukstenester NLT og NHO Mat og Landbruk.

Nokre av oppgåvene til YSSL:

•Administrere velferdsordningane etter dei retningslinjer som til eikvar tid gjeld, og ut frå bonden sin ynskjer.

•Administrere landbruksvikarordninga.

•Vere pådrivar for rekrutteringa til avløysaryrket.

•Ha god kontakt med faglag, landbruksorganisasjonar, landbruksforvaltninga og andre organ som det er naturleg å samarbeide med for å yte gode tenester.

Vi har vakttelefon alle dager, heile døgnet:

960 45 930