Vedtekter

 

VEDTEKTER FOR YTRE SOGN OG SUNNFJORD LANDBRUKSTENESTER SA

orgnr. 971 364 068

 

§1 Organisasjon

Ytre Sogn og Sunnfjord Landbrukstenester SA. Org.nr. 971364068 MVA nedafor kalla laget, er eit lutlag etter samvirkeprinsippet med avgrensa økonomisk ansvar, vekslande kapital og medlemstal. Medlemene hefter berre med sitt andelsinnskot for gjelda i laget. Laget sin administrasjon ligg i Askvoll kommune.

§2 Føremål

Laget si hovudoppgåve er å skaffe avløysing slik at medlemene får regelmessig fritid, avlasting i onnetider og avløysing under sjukdom m.v. Laget kan og administrere/koordinere andre former for samarbeidstiltak, som kan vera med å betra medlemene sitt driftsresultat, arbeidssituasjon og velferd. Det kan og vera naturleg å yte andre tenester som styrkjer landbruket, eller vera utviklande for lokalmiljøet.

§3 Ansvar

Laget skal stå som arbeidsgjevar for dagleg leiar og kan tilsetje avløysarar og anna arbeidskraft med tilhøyrande arbeidsgjevaransvar. Arbeidsgjevaransvaret skal stå i forhold til arbeidsmiljølova med tilhøyrande forskrifter.

§4 Medlemskap/lutar

Laget skal vera ope for medlemskap for brukarar som har rett til tilskot for avløysarutgifter og/eller fått utbetalt produksjonstillegg etter forskrift om areal og kulturlandskapsstillegg. Kvart medlem (driftseining) teiknar seg for ein lut. Kvar lut lyder på kr. 300,- som skal betalast inn kontant. Luten vert ikkje forrenta. Luten fylgjer landbrukseigedomen. Ved eigar/brukarskifte kan luten overførast til ny eigar/brukar. I tillegg kan styret fastsetje ei administrasjonsavgift.

 §5 Nytting av årsoverskot

Korleis årsoverskotet skal kunne nyttast vert vedteke av årsmøtet etter forslag frå styret. Det kan ikkje vedtakast å nytta eit høgare beløp enn det styret fåreslår eller godtek, men årsmøtet kan sjølv vedta nytting innanfor følgjande rammar:

  1. Godkriving av føretakets eigenkapital
  2. Etterbetaling (jf. Samvirkelova § 27)
  3. Avsetting til etterbetalingsfond (jf. Samvirkelova § 28)
  4. Avsetting til medlemskapitalkonti (jf. Samvirkelova § 29)
  5. Forrenting av lutar og medlemskapitalkonti (jf. Samvirkelova § 30)

§6 Rettar og pliktar

Kvar medlem har rett til hjelp for å skaffa arbeidskraft/avløysing som er best mogeleg tilpassa deira behov. Medlemene må til kvar tid retta seg etter dei lover og reglar som er gjeldande for velferdsordningane. Når laget står som arbeidsgjevar for arbeidstakarane og betalar ut løn til desse, pliktar kvart medlem å betale sine kostnader til rett tid. Laget skal ha tilgjengeleg, og gje medlemmene informasjon og rettleiing om gjeldande lover og forskrifter for helse-, miljø- og sikkerhet. Laget skal ha oversikt over krav som er særleg viktige for verksemda. Kvart medlem har ansvar for at arbeidsmiljøet på bruket er i samsvar med gjeldande reglar i arbeidsmiljølova, og har plikt til å gi informasjon og opplæring til arbeidstakarane etter AML sine krav.

 §7 Utmelding/Eksklusjon

Medlemskapen er bindande frå innmeldingsdato. Utmeldingsfrist er 3 månader rekna frå den dagen meldinga om utmelding kom fram til laget.

Medlem som bryt vedtektene eller føresegner som er gitt i medhald av desse eller på annan måte forsømmer sine plikter ovafor laget, kan ekskluderast frå laget. Styret kan fremja slik krav. Det kan og fremja krav om skadebot for dei tap som laget er påført. Seinast 8 dagar før styret handsamar saka, skal medlemen ha skriftleg varsel og få høve til å uttale seg innan ein rimeleg frist. Medlemen kan anke styrevedtaket inn for årsmøtet.

Ved utmelding/eksklusjon har medlemen rett å få betalt attende sin lut dersom laget sin økonomi gjev rom for det. Innbetalt administrasjonsavgift vert ikkje betalt attende. Det kan heller ikkje stillast krav om del av laget si eiga (formue). Utmeldt/ekskludert medlem kan ikkje ha tillitsverv i laget.

§8 Årsmøtet

Årsmøtet er laget sitt høgaste organ og skal haldast kvart år innan utgangen av april. Innkalling vedlagt sakliste, årsmelding, rekneskap, årsplan og budsjett skal sendast medlemene skriftlig med 14 dagars varsel.

Saker som eit medlem ønskjer å ta opp på årsmøtet, må vera kome skriftleg til styret seinast 4 (fire) veker før årsmøtet.

Ekstraordinært årsmøte skal haldast når styret eller 1/3 av medlemene krev det.

Kvart medlem/driftseining har 1 røyst. Medlemene kan møta med skriftleg fullmakt, men ingen kan møta med meir enn ei fullmakt.

Gyldig vedtak krev simpelt fleirtal, dersom ikkje vedtektene krev noko anna. Ved likt røystetal avgjer møteleiaren si røyst, unnateke ved personval der utfallet vert avgjort ved loddtrekning.

Det skal førast protokoll frå årsmøtet. Protokollen skal underskrivast av to medlemer valde av årsmøtet.

På årsmøtet skal følgjande saker handsamast:

  1. Godkjenning av innkalling og sakliste
  2. Val av møteleiar og skrivar
  3. Val av to medlemer til å skrive under møteboka
  4. Styret si årsmelding
  5. Rekneskap og revisjonsmelding
  6. Arbeidsplan for komande år
  7. Budsjett for komande år
  8. Godtgjersle til tillitsvalde
  9. Val:
    1. val av styreleiar for 1 år
    2. val av styremedlemer for 2 år
    3. val av vararepresentantar til styret (nummererte/personlege) for 1 år
    4. val av nestleiar
    5. val av revisor
    6. val av medlem og varamedlem til valnemnd
  10. Andre saker som er med i innkalling

 §9 Styret

Laget skal leiast av eit styre på 5 medlemer valde på årsmøtet. Ein av styremedlemene skal vera ein tilsett som er oppnemnd av og blant dei tilsette i laget. Representanten frå dei tilsette kan ikkje veljast til styreleiar eller nestleiar i styret. Styremedlemene vart valt for 2 år om gongen. Kvar år er 2 av medlemene i styret på val, første gong etter loddtrekning. Styret held møte så ofte leiaren finn det nødvendig eller minst 3 av medlemene i styret krev det. Styret er vedtaksført når minst halvparten av medlemene er tilstades. Har eit styremedlem forfall, skal dette meldast til laget i god tid, slik at varamedlem kan innkallast. Ved likt stemmetal avgjer leiaren si stemme.

§9.1 Oppgåvene til styret

Styret skal leia laget si verksemd i samsvar med vedtektene og dei vedtak som årsmøtet har gjort, og skal følgje dei instruksar som er fastsett av offentleg styresmakt. Styret skal kartleggja, organisera og administrera all utleige/formidling av arbeidskraft slik at medlemene får tenlege løysingar. Styret er ansvarleg for at heile laget si verksemd vert utført på ein forsvarleg måte.

Vidare skal styret bl.a.

  1. Ha ansvar for at laget har tilfredsstillande økonomi, og om nødvendig fastsetje ei administrasjonsavgift. Forvalta laget sine midlar og leggja fram forslag om bruk av disponible midlar.
  2. Førebu og gje innstilling i alle saker som skal leggjast fram for årsmøtet. Unnateke valnemnda sine oppgåver.
  3. Syte for at rekneskapen er forsvarleg ført og revidert etter gjeldande reglar.
  4. Ha ansvar for laget si årsmelding.
  5. Setje opp arbeidsplan og budsjett for komande år.
  6. Tilsetje og seie opp dagleg leiar og fastsetje løn og tilsetjingsvilkår.
  7. Ha ansvar for at kontoret har tilfredsstillande bemanning og at kunnskapane til kvar tid står i forhold til arbeidsoppgåvene. Vidare at arbeidsforhold og arbeidsmiljø er slik at det skapar grunnlag for effektivitet og trivsel.
  8. Arbeida aktivt for å utvikle laget vidare, slik at medlemene til kvar tid får dei tenester dei treng.
  9. Samarbeida med andre organ innan næringa for å utnytte ressursane best mogeleg, og for å styrkje landbruket i lokalmiljøet.
  10. Styret kan opprette arbeidsutval etter behov. (Vanlegvis samansett av styreleiar, eit styremedlem og dagleg leiar.)
  11. Styret skal vedta retningslinjer for verneombod, og kan, – i eige styrevedtak, – gje verneombodet fullmakt på laget sine vegne til å foreta besøk hjå den einskilde medlem.

Styreleiar og eit styremedlem bind laget med sine underskrifter. Styret kan gje prokura. Det skal førast protokoll frå styremøta. Styreprotokollen skal sendast ut styremedlemene innan 14 dagar etter kvart møte.

 §10 Valnemnd

Laget skal ha ei valnemd på 3 medlemer. Valet gjeld for 3 år. Kvart år går 1 medlem ut, fyrste år etter loddtrekning. Den som har sete lengst fungerer som leiar.

Valnemda skal føreslå kandidatar til alle val som skal haldast på årsmøtet, unnateke revisor. Revisor skal veljast etter innstilling frå styret. Valnemda skal innstille på godtgjersle til tillitsvalde. Årsmøtet kan fastsetje instruks for valnemda.

 §11 Tvistar

Tvist mellom laget og eit eller fleire av medlemene i laget som ikkje vert løyst på minneleg vis, vert avgjort ved skilsdom (valdgift). Skilsdomstolen er samansett av 3 medlemer. Kvar av partane vel eit medlem og sorenskrivaren i distriktet der forretningskontoret ligg nemner opp leiaren. Dersom ein eller begge av partane innan ein frist som er fastsett av styret ikkje har oppnemnd sitt medlem, vert vedkomande medlem oppnemnd av sorenskrivaren. Kravet om skilsdom må vera kome til styret innan 3 månader etter at medlemen har fått kjennskap til forholdet som grunngjev kravet. Skilsdomstolen tek og avgjerd om sakskostnader.

§12 Vedtektsendring.

Endring av laget sine vedtekter kan berre gjerast av årsmøtet. Det skal stå i innkallinga til årsmøtet kva endringa gjeld. Til gyldig vedtak vert det som hovudregel krevja 2/3 fleirtal av røystene på årsmøtet.

 §13 Oppløysing – Fusjon.

Vedtak om oppløysing av laget vert gjort av årsmøtet. Gyldig vedtak om oppløysing krev ¾ fleirtal av deltakarane på møtet. Stemmerett i slike tilfelle krev medlemskap og betalt medlemskontigent. Det er årsmøtet som gjer vedtak om oppløysing skal velje eit avviklingsstyre. For vedtak om fusjon gjeld same reglar som ved oppløysing, unnateke val av avviklingsstyre. Ved fusjon går heile eigenkapitalen inn i det fusjonerte selskapet.

Vert det ikkje tilstrekkelig fleirtal på årsmøtet, kan nytt årsmøte innkallast med 14 dagars varsel. Gyldig vedtak krev då 2/3 fleirtal blant dei frammøtte medlemer.

Ved vedtak om oppløysing skal eventuelle gjenståande midlar, etter at gjeld er dekka, stå i 1 – eit år i tilfelle eit føretak med same føremål vert skipa. Midlane vil då verta overdrege til nytt føretak. Dersom det innan eit år frå årsmøtet som vedtok avvikling, ikkje er stifta nytt føretak, skal avviklingsstyret leggje fram forslag om endeleg disponering av gjenståande nettoformue etter følgjande oppsett:

Heile nettoformuen, etter at avviklingskostnadar er dekka, vert betalt attende til aktive eigare/medlemer i forhold til samla omsetning dei siste fem åra. Det vert utbetalt med lik prosentsats for alle år. Kundar som ikkje er eigare/medlemer skal ikkje tilgodeses.

Vedtektene er godkjende av årsmøte 15.10.2012 med korrigering av antall styremedlemer som ble godkjent på årsmøtet 03.06.2015.

Vedtektene gjeld frå 01.01.06.