For Medlemmer

Sjukdomsavløysing

Vert du sjukmeld kan du ha rett på inntil 1670,- kroner dagen i refusjon. Du må ha hatt næringsinntekt fra garden året før. Dersom begge ektefellene har arbeid på bruket er det svært viktig at det vert ført næringsinntekt på begge. På den måten får begge rett til sjukepengar og kan søke refusjon.

Dersom du er bonde, og vert sjukmeld fins det gode ordningar. For medlemene ordnar me med alt papirarbeidet og søkjer om refusjon. Avhengig av produksjonen har ein rett på ein viss sum for dagen 7 dagar i veka til å dekkja lønsutgifter. Dette gjeld frå fyrste dag. For 2021 er maksimalsatsen kr. 1670,- pr dag. Det er dyretal den dagen du vert sjukemeld som er avgjerande for kor mykje du får dekka, og det er ferie- og fritidstilskotet som gjev grunnlaget.

AvløysartilskotFerie og fritid for husdyrprodusentar Veksthusareal for veksthusprodusentar Maksimalt tilskot til sjukdomsavløysing pr. dag
kr. 5 000-12000 285-714 kvm kr. 567,-
kr. 12 001-18 000 715-1071 kvm kr. 824,-
kr. 18 001-24 000 1072-1429 kvm kr. 1103,-
kr. 24 001-30 000 1430-1786 kvm kr. 1381,-
kr. 30 001- 1786kvm – kr. 1670,-

Bønder som driv planteproduksjon på friland, og birøktarar har også rett til sjukdomsavløysing i vekstsesongen.

Deretter ser du i tabellen over og finn ut i kva intervall du hamnar i fyrste kolonna. Då finn du maksimaltilskottet for sjukdomsavløysing
i kolonna til høgre. Frå og med dag 17 går du over på sjukepengar som vert utrekna etter næringsinntekta.
Dette er hovuddraga i ordninga
NB!
Frå det utrekna tilskottet skal det trekkjast, pensjon, løn, sjukepengar og evt. tapt arbeidsfortenester som du
får dekka av arbeidsgjevar eller på annan måte. Dette siste kan for mange virka urettferdig, men slik er det.
Me ordnar alt papirarbeidet for deg når det kjem til utlønning og søknad av refusjon.
Informasjon vi må ha er:
-Kopi av Sjukemelding del C dersom du har papirutgave. Del D sender du til NAV. Alle må søka sjukepengar hos NAV frå og med dag 17. Inntektsskjema må fyllast ut.
-Kopi av lønslipp, dersom du har lønsinntekt i annan jobb utanfor garden.
-Timelister for perioden.
-Kopi av utbetaling av sjukepengar frå NAV, der dagsatsen syner.
-Gjeld søknaden avløysing i samband med fødsel skal fødselsattest leggjast ved.
-Gi oss tilgang i Altinn.
Ring dersom noko er uklart.

Her finn du inntektsskjema

Her kan du lesa meir om inntektsskjemaet som du må fylle ut(NAV).