Ytre Sogn og Sunnfjord Landbrukstenester

Landbruksvikar

Vi administrerer i dag landbruksvikarordninga i Askvoll, Fjaler, Gulen, Masfjorden og Høyanger sørside .

Føremålet med ordninga er at ein skal sikre at føretak med husdyr- og planteproduksjon
får tilgang på kvalifisert hjelp til avløysing ved sjukdom og i krisesituasjonar. Dersom landbruksvikaren ikkje nyttast i slik samanheng, kan vikaren nyttast til annan avløysing.

Sjølv om sjukdomsavløysing skal prioriterast, er det viktig at landbruksvikaren også blir
nytta til ferie- og fritid ved ledig kapasitet. På den måten er de med på å sikre dykkar eigen beredskap. Det ordinære avløysartilskotet til ferie- og fritid kan nyttast ved bruk av landbruksvikaren

TIPS! Dersom du er med i ein avløysarring og skulle bli sjuk, er det lurt å tenke å bruke landbruksvikaren, i staden for å evt. bytte ringavløysaren til seg, spesielt inntil dei 16 første dagane. Då vil du som gardbrukar kunne ha ringavløysaren til gode når du skal ta ut ferie/- og fritid. Landbruksvikaren vil koste det som du får refundert frå staten til  sjukdomsavløysing.
Kostnad ved bruk av landbruksvikar frå 01.07.2021:

Ferie- og fritidsavløysing

1 – 7,5 timer

1930,-

Dagsats Lørdag/Søndag

Dagsats bevegelige helligdager

2500,-

2750,-

Sjukdomsavløysing

1 – 4 timer

835,-

Sjukdomsavløysing

4 – 7,5 timer

1670,-

i tillegg vert det berekna mva.

 

Vi har vakttelefon alle dager, heile døgnet:

960 45 930